Førde Gjestehus & Camping

Adresse: Kronborgvegen 44, 6813 FØRDE  vis kart
Beliggenhet: Førde

Campinghytter | Førde Gjestehus og Camping er flott lokalisert ca 200 m frå E 39 og det er berre ein spasertur til Førde Sentrum. Campingplassen ligg ved elva Jølstra, noko som skaper ein unik atmosfære og mange moglegheiter. Det er kort veg til fjell, sjø, villmark og naturvakkert landskap. Den sentrale plasseringa , midt i fylket, gjer Førde Camping til ein ideell stoppestad dersom du er på gjennomreise eller har planlagt eit lengre stopp i regionen.

Førde Gjestehus og Camping – Det beste utgangspunktet for opplevingar i Sogn og Fjordane
Overnatting
Hytter:
Førde Camping har eit breitt utval av hytter i forskjellige prisklassar og størrelsar. Vi har alt frå ein enkel standard til topp moderne hytter med flislagt bad, induksjonstopp og flatskjerm TV. Alle hyttene er vinterisolerte og dei er leigd ut både på sommar- og vinterstid. Fleire av hyttene har eigen hems i tillegg til soveromma. 

● 4 manns hytter (1 soverom pluss sovesofa i stua). 
● 6 manns hytter (2 soverom pluss hems).

Alle våre hytter er med fullt utstyrt kjøkken, tv, og bad med dusj og toalett.

Leiligheter:
Flislagt bad med dusj og toalett (vaskemaskin), kjøkken med induksjonstopp/steikovn, kaffitraktar, oppvaskmaskin og mikrobølgjeomn. Stua er møbelert med ein skinnsofa som kan slås opp til ei dobbeltseng, eit stort spisebord, ein 40 tommers flatskjerm og breiband. Bygd 2011.

Rom m/kjøkken:
Flislagt dusj/wc, tv og breiband. Alle fire romma har balkong.

Enkelt- og dobbeltrom:
Vi tilbyr også flotte rom med eiget bad (dusj og toalett) og tilgang til felles fullt utstyrt kjøkken. Desse er nyrenoverte i 2015.

Camping:
Campinggjester i vogner/bobil og telt kan nytta eit flott sanitæranlegg med dusjar og wc, handikaptoalett m/dusj, kjøkken og vaskerom med vaskemaskiner og tørketrommel.

Service er viktig for oss, og du skal alltid kjenne deg velkomen hos førde Gjestehus og Camping. Målet vårt er å vere ein av Vestlandets beste campingplassar. Alle fasilitetane våre er renoverte siste åra, og ligg usjenert til. Vi har eit flott og moderne sanitæranlegg, og set fokus på reinhald.

Aktivitetar på campingplassen
– Leikeplass
– Minigolf
– Grillhytte ved elva
– Stort grønområde

Plassering
Førde Gjestehus og Camping er flott lokalisert ca 200 m frå E 39 og det er berre ein spasertur til Førde Sentrum. Campingplassen ligg ved elva Jølstra, noko som skaper ein unik atmosfære og mange moglegheiter. Det er kort veg til fjell, sjø, villmark og naturvakkert landskap. Den sentrale plasseringa , midt i fylket, gjer Førde Camping til ein ideell stoppestad dersom du er på gjennomreise eller har planlagt eit lengre stopp i regionen.

Førde Gjestehus og Camping ligg landlig til, men med kort avstand til det meste. Grøne enger og jorder, saman med den idylliske elva Jølstra, gjev opphaldet ei vakker ramme, samtidig som servicetilbod og handel ligg ein kort gåtur unna.

I nærområdet finn du handel, bakeri, unike Hafstadkleiva med sine 180 trappetrinn, og fleire tur- og gangvegar. Vår sentrale plassering i fylket gjev deg det beste utgangspunktet for å oppleve Sogn og Fjordane, og du kan sjå både hav og bre på ein dag.

Om Sunnfjord
Sunnfjord ligg sentralt på Vestlandet midt mellom Bergen og Ålesund, og er kjend for sin vakre natur med sine turvenlige fjell og tronge fjordar. Byen Førde byr på det beste frå to verder: Eit godt utgangspunkt for naturopplevingar, samtidig som byen er kjend for bytilboda sine som store handlesenter og moderne kunstmusemum.

Berre tjue minutt frå Førde finn du breriket Jølster som byr på mange aktivitetar: Rafting, brear, golfbane, museum, fiske og uendeleg med fjellvandring.

Vender du nasa vestover finn du hav og øyer så langt auge kan sjå, og Norges vestlegaste by; sjarmerande Florø. Halvannan time frå campingplassen finn du også Bremanger med sitt levande fiskevær Kalvåg, Nord-Europas høgste sjøklippe og landets finaste strender.

Med base ved fredelege og idylliske Førde Gjestehus og Camping, kan du utforske alt det vakre fylket vårt byr på.

Fasiliteter og tjenester

  • Fasiliteter
    Antall etasjer: 2 Antall rom: 45 Vaskeri- og renseriservice WC for rullestolbrukere
  • Informasjon om bygning
    2015 1992
  • Spise og drikke
    Frokost
  • Fritidsfasiliteter på området
    Minigolf

Kontaktinformasjon

Kart


Bestillingsassistanse

Bestill på nett eller kontakt oss for bestillingsassistanse (nye bestillinger, endringer, avbestillinger, etc.).
Serviceavgifter kan påløpe.

E-post: reservations@booknorway.no
Åpningstider: Mandag - Fredag 09.00-17.00.

Reisebetingelser

Campingplasser godkjent
av NHO Reiseliv

Camping.no i samarbeide med BookNorway er en felles satsing blant norske campingplasser på å tilby en komplett butikk på nett for campingferie i Norge.

Vi kjenner Norge - vårt fokus er ene og alene på reiser i Norge.

Det beste utvalget av norske campingplasser

Bestillingsassistanse

Bestill på nett eller kontakt oss for bestillingsassistanse (nye bestillinger, endringer, avbestillinger, etc.).
Serviceavgifter kan påløpe.

E-post: reservations@booknorway.no
Åpningstider: Mandag - Fredag 09.00-17.00.

Reisebetingelser

Campingplasser godkjent
av NHO Reiseliv

Camping.no i samarbeide med BookNorway er en felles satsing blant norske campingplasser på å tilby en komplett butikk på nett for campingferie i Norge.

Vi kjenner Norge - vårt fokus er ene og alene på reiser i Norge.

Det beste utvalget av norske campingplasser